BokkeReidars Bluesband på Eftasbluesen
BokkeReidars Bluesband er nok ein gong klar for utescena på Lillehammer Mikrobryggeri.
-Vi gler oss alltid like mykje til å spele på Mikrobryggeriet, som utvilsamt har blitt ein av favorittane våre med sitt alltid like entusiastiske publikum, seier bandleiar og bassist Svein Hunnes.
Denne gongen kjem BokkeReidars til Lillehammer etter først å ha gjesta Balejazz i Balestrand, så det er eit festivaltrimma band som møter opp på Eftasbluesen.
BokkeReidars Bluesband er eit åttemannsband med blåserekke som spelar hardtsvingande R&B, blues og soul på nynorsk! Med over 40 års fartstid, er BokkeReidars eit av dei mest erfarne livebanda her til lands. Bandet har tidlegare også gjesta Moldejazz, Trondheim Jazzfestival, Vossa Jazz og DølaJazz, og har også hatt klubbjobbar i New York. Dei siste åra har BokkeReidars samarbeid med vidt forskjellige artistar som Side Brok, Vidar Busk, Beate Lech frå Beady Belle og Palle Wagnberg.
BokkeReidars Bluesband er:
Gunnar Solheim – vokal
Klaus Blø – gitar
Steinar Høydal – tangentar
Ivar Kvangardsnes – trompet
Trond Johnsen – saksofon
André Folkestad – trombone
Svein Hunnes – bass
Terje Hanssen – trommer
https://www.facebook.com/pages/BokkeReidars-BluesBand/135094783259797
Billetter kr. 300,00
Bindende forhåndsbestilling:
post@lillehammermikrobryggeri.no
Messenger/melding til Lillehammer Mikrobryggeri
Mob 95019108