BokkeReidars Bluesband på Eftasbluesen

BokkeReidars Bluesband er nok ein gong klar for utescena på Lillehammer Mikrobryggeri.

Vi gler oss alltid like mykje til å spele på Mikrobryggeriet, som utvilsamt har blitt ein av favorittane våre med sitt alltid like entusiastiske publikum, seier bandleiar og bassist Svein Hunnes.

Det er eit festivaltrimma band som møter opp på Eftasbluesen lørdag 13. juni.

BokkeReidars Bluesband er eit åttemannsband med blåserekke som spelar hardtsvingande R&B, blues og soul på nynorsk!

Med over 40 års fartstid, er BokkeReidars eit av dei mest erfarne livebanda her til lands.

Bandet har tidlegare også gjesta Moldejazz, Trondheim Jazzfestival, Vossa Jazz og DølaJazz, og har også hatt klubbjobbar i New York.

Dei siste åra har BokkeReidars samarbeid med vidt forskjellige artistar som Side Brok, Vidar Busk, Beate Lech frå Beady Belle og Palle Wagnberg.

BokkeReidars Bluesband er:

Gunnar Solheim – vokal,

Klaus Blø – gitar,

Steinar Høydal – tangentar,

Ivar Kvangardsnes – trompet,

Trond Johnsen – saksofon,

André Folkestad – trombone,

Svein Hunnes – bass,

Terje Hanssen – trommer

http://www.bokkereidars.com/ https://www.facebook.com/pages/BokkeReidars-BluesBand/135094783259797 https://youtu.be/or7xVfLjv7Q

Forhåndssalg av billetter kr. 350,00

VIPPS 603787

Billetter bekreftes når innbetalingen er registrert.

OBS! Sjekk om konserten er utsolgt før du VIPPSer!

Ingen refusjon hvis billette(ne) ikke benyttes så lenge konserten kjøres.

Spørsmål og henvendelser (IKKE billettsalg) vedr arrangement kan også skje til mob 95019108

DATO 13. jun

KLOKKEN: 15:00

PRIS: 350

    Påmeldingsskjema